Tubedrill

Om oss

Hòl er hòl.
Eller ikkje.

Tubedrill starta opp i 2010. Me hadde eit hòlete mål, då som nå: Å vera best på boring av rundstål.  Me er eit knippe muntre og målbevisste medarbeidarar som held til i lokalar på Nærbø, midt på flate Jæren, og me blir stadig fleire.

Mangelen på leveringsdyktigheit var ein av årsakene til at me starta for oss sjølv. Me såg eit hol i systemet, og ein moglegheit til å tette det. I dag er me eineståande i landet på det me gjer, både når det gjeld tenester og levering. Mens leveringar frå utlandet kan ta månadar, har me ei leveringstid på 8-15 verkedagar.

Etter å ha meistra ulike utfordringar innan boring gjennom fleire år, var tida inne for å levera hol med endå finere toleransar og overflater. Derfor økte me i 2017 maskinparken til òg å bestå av ein honemaskin. Det har så langt gått som smurt, og me riggar for endå fleire utvidingar av maskinparken i framtida.

At me er raske betyr ikkje at me går på akkord med kvaliteten. Når me gjer ein jobb, handlar det om millimeter. I Tubedrill er presisjon og kvalitet ein lidenskap, og openheit og ærlegdom verdiar som står enormt sterkt.

Me har fokus på å vera ein ja-bedrift som tilbyr eit trygt og kjekt arbeidsmiljø, kor det er høgt under taket og kantane er runde, men kor strukturen er like flat som plassen me held til på.

Sponsing

Me brenn for alle slags breidder

I Tubedrill er me ikkje berre lidenskapeleg opptekne av hòl, me har òg stor glede i å engasjere oss i lokalmiljøet her på Jæren. Til å vera såpass små, har me hjarte for mange.

Me brenn for breidda, og ynskjer å bidra til at lag og organisasjonar kan fortsette å drive aktivitetar for barn og unge. Det skapar gode, trygge oppvekstvilkår, og slikt blir det folk av.

Tubedrill er stolt sponsor av:

    • Nærbø IL
    • Varhaug IL
    • Vigrestad IK
    • Klepp IL
    • Ålgård Håndball
    • Jæren Golfklubb
    • Liverbirds Jæren
    • Lye IL
    • Kåsen IL
    • Hognestad IL
    • Deer Hunting pulling team
    • Undheim IL
    • Nærbø Farmers
    • Jæren Travklubb

    Har du eit hòlete mål?

    Snakk med oss, Me hjelper deg.