Tubedrill

Personvern

BEHANDLINGSANSVARLEG

Tubedrill.no er eigd og driven av Tubedrill AS gjennom vår leverandør for utvikling, vedlikehald og drifting av nettsida (sjå under).

Tubedrill AS ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Fråsegna inneheld opplysningar du har krav på om korleis vi samlar inn opplysningar frå nettsida vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 første ledd).

Tubedrill AS
Bjorhaugslettå 26, 4365 Nærbø

Ingve Skogen, dagleg leiar
ingve@tubedrill.no

DATABEHANDLAR FOR NETTSIDA

Pixa AS er Tubedrill sin databehandlar, og er vår leverandør for utvikling, vedlikehald og drifting av nettsida. Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettsida, blir lagra på eigne serverar som blir drifta av leverandøren. Det er berre Tubedrill AS, Pixa AS og eventuelle underleverandørar i avgrensa periodar, som har tilgang til opplysningane som blir samla inn.

INNSAMLING AV PERSONOPPLYSNINGAR

Tubedrill.no samlar ikkje inn sensitive personopplysningar.

Personopplysningar som blir sende til oss via e-post, telefon eller eventuelle kontaktskjema vil berre bli brukt til å kontakte deg i samband med førespurnaden din. Opplysningane vil ikkje bli brukt til noko anna enn det som vil vere relevant for førespurnaden din og eventuelle kundeforhald.

NETTSTATISTIKK

Dette nettstaden nyttar informasjonskapslar (cookies).

Tubedrill.no samlar inn avidentifiserte/anonyme opplysningar om besøkande på nettsida. Formålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle nettsida. Eksempel på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsteder brukaren kjem frå og kva nettlesarar som blir brukt.

Vi brukar cookies hovudsakleg for trafikkmåling og optimalisering av innhald og brukaroppleving. Denne informasjonen kan ikkje sporast tilbake til deg som enkeltperson.

Google Analytics
Analyseverktøyet Google Analytics blir brukt for å studere trafikk, bruksmønster og trendar på nettsida. Dataene som blir samla inn blir brukt for å optimalisere brukaropplevinga og tilpasse innhaldet på nettsida. I samsvar med Googles retningslinjer for bruk av Google Analytics blir det ikkje samla inn personleg informasjon om deg som brukar. Dataene som blir samla inn blir lagra på Googles tenarar.

Google Tag Manager
Google Tag Manager handterer sporingskodar og refererer til sporingsoppsett og tracking til tredjepartsløysingar som Universal Analytics (Google Analytics) og blir brukt til optimalisering av nettsida og marknadsføringstenester. Alt av sporingskodar blir køyrt og handtert via Google Tag Manager.

WordPress
Informasjonskapslar for visning og funksjonalitet.

Korleis slette informasjonskapslar
Dei fleste nettlesarar er stilla inn til å godta informasjonskapslar. Vi gjer merksam på at du kan slette desse ved å følgje instruksjonane for sletting av informasjonskapslar i nettlesaren din. Du finn informasjonen om dette i “Hjelp”-funksjonen i nettlesaren din. Ver oppmerksam på at å avgrense tilgangen til informasjonskapslar kan påverke funksjonaliteten på nettsida.

Om du vil fjerne informasjonskapslar (cookies) frå datamaskinen, kan du bruke desse rettleiingane:

DELING AV INNHALD FRÅ NETTSTADEN

Når du deler innhald eller innlegg frå Tubedrill.no, blir informasjon lagt inn der og då hos nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer dataene vidare, blir regulert av avtalen din med nettsamfunnet. Informasjon om at du har delt eit innlegg blir ikkje lagra hos oss.

Sosiale medium
Cookies/informasjonskapslar frå sosiale medium kan bli sett dersom du er logga på ein eller fleire sosiale medium og brukar ein funksjon eller lenkje via vår nettside som er knytt til ein av desse tenestene. Informasjonen kan også bli brukt til å gi deg relevante tilbod i sosiale medium.

Innebygd innhald frå andre nettsider
Artiklar på denne sida kan inkludere innebygd innhald (t.d. videoar, bilder, artiklar osv.). Innebygd innhald frå andre nettsider oppfører seg på nøyaktig same måte som om den besøkande hadde besøkt nettsida som det innebygde innhaldet kjem frå.

Desse nettsidene kan samle inn opplysningar om deg, bruke informasjonskapslar eller bygge inn sporingssystem frå ein tredjepart og overvake kva du gjer via dette innebygde innhaldet. Dette inkluderer også sporing av handlingane dine via det innebygde innhaldet dersom du har ein konto og er logga inn på nettsida.

Samtykke

Når du besøker og brukar Tubedrill.no, samtykkjer du i vår bruk av informasjonskapslar.