Om Tubedrill

Miljø og berekraft

Dei einaste hola me ikkje liker, er dei i ozonlaget.

Det er så naturleg for oss at me ikkje kallar det berekraft. Me kallar det kvardagen.

Her på Tubedrill resirkulerer me i ordets rette forstand. All spon frå boring blir levert til gjenvinning lokalt i distriktet, og smelta om til nye materialar. Ein god sirkel, med andre ord. Me legg ikkje skjul på at me liker ting som er runde, og at me prøvar å reparera og fiksa mest mogleg sjølv. 

Vår filosofi er å tenkje langsiktig i alt me gjer. Det er det som er levedyktig om eit år som betyr noko. Dette er berekraft for oss, og noko me forsøker å etterleve i både produksjon, drift og ikkje minst i kvardagen.

Har du eit hòlete mål?

Snakk med oss, Me hjelper deg.