Våre tenester

Tenester

Ditt hòl. Vår utfordring.

Ulike bedrifter, ulike behov. I Tubedrill set me vår ære i å kunne tilby ei spennvidde og ein fleksibilitet ut over det vanlege. Me kan ta alt, frå lite til stort.

Ved oppstarten i 2010 trudde me det skulle halde lenge med ein maskin til langholboring. Det gjekk ikkje mange år før behovet var vesentleg større, og me måtte utvida maskinparken vår.

I dag har me fire store maskinar til boring, i tillegg til ein honemaskin. Det gjer at me kan bora i alle typar material, og gje deg akkurat det hòlet du treng.

Kva kostar eit hòl?

Finn ut med vår priskalkulator!

Våre tenester

Kva kan me hjelpa deg med?

I Tubedrill set me vår ære i å kunne tilby ei spennvidde og ei fleksibilitet ut over det vanlege. Me kan ta alt, frå lite til stort.

Boring

Boreprosessen er kjapp og effektiv, akkurat som oss. Så fort me mottek materialar, kan me setta opp maskinen som borer etter di bestilling.

Honing

Honing er ein slipande maskineringsprosess som brukas når ein treng rør med fine overflatekrav eller finare innvendig toleranse.

Har du eit hòlete mål?

Snakk med oss, Me hjelper deg.