Tubedrill

Ledige stillinger

Drøymer du og om hòl?

Me i Tubedrill har eit hòlete mål: Me skal vera best på det med held på med – boring og honing av rundstål. Ein annan som lenge sikta mot eit slikt mål var tidlegare fotballspelar Ole Hjelmhaug. Etter mange år kor fokuset var å dryla ballen i nettet, kjente Ole på trongen til å gjera noko annleis.

Eg ønska å gjera noko nytt og utfordrande, kor ein produserer noko og får resultat med ein gong. Som ein som kom frå fotballbransjen hadde eg ikkje erfaring med industri, men tok ein råsjanse og byrja i Tubedrill. Her fekk eg god opplæring av flinke folk, og berre etter ei veke kunne eg mykje meir. No har eg større ansvar, og stortrivast. Kan eg, kan du! 

– Ole Hjelmhaug

Akkurat no har me ingen opne hol i vår arbeidsstokk, men me er alltid opne for å snakka med flinke og interesserte folk som har lyst til å læra seg noko heilt nytt. Stikk innom eller slå på tråden, så tek me ein prat.