Om Tubedrill

Kvalitet og HMS

Kvalitet i alle Hól.

Me i Tubedrill er ein kvalitetsbevisst og løysingsorientert gjeng. Me har alle eit felles ansvar for å sikra god kvalitet, og forpliktar oss til å følgja relevante standardar, lover og myndigheitskrav.

Ådne Søyland er vår kvalitetsleiar, med hovudansvar for blant anna:

  • Rask levering
  • Rett kvalitet
  • Rett pris

Har du spørsmål gjeldande kvalitet? Ta kontakt med Ådne, så svarar han så godt han kan.

Ådne Søyland

Ådne Søyland

KHMS leiar

Null HMS-Hòl.

Helse, miljø og sikkerheit er eit integrert element i planlegging og gjennomføring av alle våre aktivitetar. Alt arbeid skal vere organisert og utført med omsyn til tryggleik for menneske, materiell og miljø.

Det er av største viktigheit å motivere og lære opp alle tilsette til å tenkje og praktisere tryggleik. Ingen jobb er så viktig at ho må utførast på ein utrygg måte. Det er eit hovudansvar for alle tilsette å forsikre seg om at dette blir praktisert i det daglege arbeidet.

Dette oppnår me gjennom synleg leiarengasjement, gjennomføring av systematisk internkontroll, risikovurdering og tiltak for å kontinuerleg identifisere og redusere helserisiko og miljørisiko.

Me har ein null HMS-hòl-filosofi, både når det gjeld miljø, materiell og menneske.

Har du eit hòlete mål?

Snakk med oss, Me hjelper deg.